Svartlamon damekor / Árdna Sessions – Hva skjer i Trondheim

Svartlamon damekor / Árdna Sessions

15. des. 2026 - 20:00 – 23:00
Havet Arena
Billetter

Kanskje har du sett dei på konsert, på ei utstillingsopning, på demonstrasjon ein stad i byen - eller under ein hekseseremoni?

Svartlamon Damekor er ein alderslaus gjeng med fyrrige damer som har sitt å seie om det meste, då aller helst om dagens totalt forvirrande politikk og kaosfremjande styring. Repertoiret er allround-krydra med livsvisdom ifrå grøfta og fandenivoldske harmoniar.
Skal det først vere kaos kan det like gjerne vere fleirstemt.

Eventuelle spørsmål får du svar på havetarena.no

Sted

Strandveien 104, Trondheim, Norge Se kart

Arrangør